Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.
Vi startar ved parkeringsplassen for Nærbøparken. Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum. Det er eit ynda utfartsstad heile året og har mykje besøk av folk frå fjern og nær. Arealet for Nærbøparken var tidlegare ein klokkargard som vart nedlagt i byrjinga av 1930 tallet.
Frå parkeringsplassen for parken går vi på nordsida av huset og vestover til Parktræet og vidare forbi Motland skule og sørover Kviavegen. Vi går mellom byggefelt og jordbruksareal, opp mot toppen med god utsikt over store deler av Nærbø før vi går ned mot Dalabekken.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.